free
hit counter

Årsmelding 2019-2020

2021-02-09 20:00 - 21:00

 Orkdal Rotary-klubb

Årsmelding frå Orkdal Rotary-klubb for Rotary-året 2019-2020.

Rotary-året har følgjande vore i styret for Orkdal Rotaryklubb: President: Arvid Mehli,Past president og IT-ansvarleg: Nils Prestmo, sekretær: Birger Foseide, kasserar Isabell Pettersen og innkommande president/assisterande guvernør Rut Astrid Mule.

Hausten 2019 gjekk sin vanlege gang med klubbmøte annakvar tysdag kl. 19 på Bårdshaug herregård. Det var bedriftsbesøk på Møller Bil på Orkanger den 12. november.

Årsmøte vart halde 26. november. Der vedtok vi handlingsplan for 2019-2021. Det vart vedtatt at vi skulle praktisere rotasjonsprinsippet i Rotary ved å velje tillitsfolk for to år istadenfor eitt år. Arvid Mehli er president 2019-2021.

Kalender vart utarbeidd av Nils Prestmo, og klubben fordelte kalendrane til distribusjon til eldre i kommunen og andre interesserte. Kasseraren hadde ordna med annonsørar som

finansierte kalenderen og gav eit solid overskott til Livsglede for eldre-tiltak.

   

Klubben hadde julemøte med middag 10. desember. Og 7. januar arrangerte Orkdal Rotary- klubb den tradisjonelle julefesten for folk med psykisk utviklingshemming og familiane deira. Stor oppslutning og høg stemning, Dette er eit fellesarrangement mellom Rotaryklubben og Bårdshaug herregård.14. janusr var det møte i Fannrem-salen på hotellet. Det var guvernørbesøk og opptak av to nye medlemmer: Rita Storheil og Birgitte Kvarsnes. Hanne Mehli vart tatt opp som nytt medlem på eit seinare møte. I 2020 er det no 9 medlemmer i klubben, 5 kvinner og 4 menn.

Vi hadde medlemsmøte i februar 2020, men i mars kom den store nedstenginga i samfunnet vårt på grunn av den trugande smittesituasjonen som oppstod ved spreiinga av covid19- viruset til dei fleste land på jorda. Alle Rotarymøte vart avlyste.- I slutten av mai vart det ei opning for å ha samlingar igjen Tysdag 26. mai var det ”bedriftsbesøk” på det nye Orklandbadet. Det var presentasjon og omvisning ved Torstein Grønningen. 9, juni var det filmkveld på Nerøra.

Avslutninga var også dette året på hytta til Ruth Astrid og Ketil ved Søvatnet den 16. juni . Her kåserte Brigitte Kvarsnes livshistoria si, og trubaduren Tor Kvarsnes underheldt med song og musikk.Ein fin og stemningsfull sommarkveld ved fjellvatnet midt i eit år med pandemi og avlysningar av det meste av sosiale tilstellingar. Vi vil gjerne også gjennom årsmeldinga takke Ruth Astrid og Ketil for at klubben får ha denne avslutninga på denne fine pklassen deira.

Orkdal Rotaryklubb har hatt fleire styremøte både på nett og fysisk i denne perioden med avlyste klubbmøte. Styrenøte 14. oktober, 31. mars og 14. april.